Møtereferat 2008

02.02.2008
Få møtte på årsmøtet i Gaupne 2. februar - men stemninga var stor!
Berre 6 personar møtte til sjølve årsmøtet, 5 av desse hadde stemmerett. Fleire hadde sagt dei ville komme, men pga storm i Nordsjøen sat ein sjåfør værfast der og nokon måtte jobbe. 

Årsmøtesakene vart fort gjennomgått. Økonomien er god, men me har eit etterslep i premiar som ikkje er betalte då me ikkje har fått rekning på kor mykje som skal betalast... Ingen hadde sendt inn saker til møtet og også innsending av resultat var mangelfull. Men vinnarane var velfortjente. Berre synd to av dei mangla! Valnemnda sitt forslag til styre vart banka og me kunne ta fatt i den trivlegaste delen av møtet som er mat og sosialt samvær. Denne gongen fekk me levert pizza og Asbjørg stilte med herleg kake! Praten gjekk lett rundt bordet og før møtet vart avslutta etter 3 timar var me 8 personar samla rundt bordet. Planar om aktivitet for 2008 vart diskutert. Først og fremst er det sporprøvane som må planleggjast og organiserast. Like i etterkant av årsmøtet er det også komme inn ynskje om jaktanleggsprøvekurs. Styret vil gjera sitt beste for å få dette til. Det vart også diskutert den negative medlemsutviklinga i fylket. ein trend som også viser seg på landsbasis.

16.01.2008
Styrereferat 16.01.08
Heile styret, Inger, Ellen og Åse møtte (telefonmøte)

Det var eit kort, effektivt møte der me gjekk gjennom årsmeldinga og saker til årsmøtet, årsmøtedato, stad, servering, fagtema mm.

Ingen hadde sendt inn saker til årsmøtet. 

Årets mestvinnande i fylket vart kåra (sjå årsmeldinga for 2007). Berre ein person hadde sendt inn resultat (fleireh undar) men resultata frå alle prøvar og utstillingar som har stått i avdelingsspalta i Våre Spaniels samt som er sendt inn til årets mestvinnande på landsbasis, vart lagt fram. Dessverre var ein av dei aktuelle vinnarane ikkje medlem av klubben. 

Valnemnda sitt forslag til nytt styre vart lagt fram og sendt ut samen med årsmøteinnkallinga.


Møtereferat 2007



23.02.2007
Årsmøtet i Gaupne vart kjempetriveleg 
12 personar møtte - noko som var ein reduksjon av det påmeldte på grunn av magesjau og influensa. Fyldig referat kjem etter kvart. Sida til styret er no oppdatert etter valet. Årsmeldinga for 2006 hadde eit par småfeil som no er retta opp.

Årets mestvinnande hundar i fylket i 2006

Årets mestvinnande totalt:

Elin Anita Gjerde med NSVCH Desperados Tingeling

Årets debutant:
Familien Brugrand med NVCH Freetains Macindy Bozy

Årets junior:
Vegil Rebni Kjer med Mira

Når det gjeld dei to fyrste premieringane kan dei berre vinnast ein gong pr. hund. 
Dette for å få hedra så mange gode hundar i fylket som råd er.

Her finn du revidert årsmelding for 2006

Referat styremøte 04.01.06 (telefonmøte)
Til stades: Inger, Åse, Ellen, vara Torill kunne ikkje møte

1: Årsmøtet - kan det vera i Gaupne 17 eller 18 februar?
Torill har sagt seg positiv til å ordna med mat og me har tilgang til gratis lokale.
Andreas kan snakka om spor? Arvid?
Klubben dekkar bompengar til dei som vil reise med kr. 100 pr person. 
Åse tek påmelding for samkjøring. Ta kontakt med mobil. 91 64 16 95

2: Styre og stell for 2007.
Valnemnda er i gang. Kasserer ynskjer avløysing - Vigdis har sagt seg villig til å ta jobben.
Åse stiller også sin plass til disposisjon. 
Lene ynskjer avløysing frå brukshundkomiteen - Gunnar Kvammen er forespurt og har sagt seg villig til å gå inn.
Styret ynskjer å få eit bedre tilbod til cockereigarane i fylket.
Ellen Elisabeth Bye, Byrkjelo Tel : 57 86 81 84
Mobil : 95 04 85 71 E-mail : eternal@start.no har sagt seg villig til å vera cocker kontakt og dersom det er stor nok interesse for det prøver me å få til ei cockersamling på Byrkjelo i løpet av sommaren.


3: RS-utsen
ding til årsmøtet 17-18 mars
Inger har nyfødde kvelpar (håpar ho), ellen har arbeidshelg - kven andre kan tenkje seg å reise?
Vert tatt opp på årsmøtet før val.

4: Planar for 2007
Me må ha eit fastare opplegg for styremøter
I første omgang er det neste styremøte rett etter årsmøtet:
Neste styremøte er: Torsdag 1. mars kl. 19.00 
Kven som kallar inn vert avgjort etter valet på årsmøtet. Det er anten nestleiar eller sekretær.

5: Premiar - årsmøtesak
Å telje premiar, fylle ut lister mm er og blir ei stor belastning både for Inger som har lageret og for kasserar.
Leiar foreslår at avdelinga har som sak på årsmøtet at me kjøper inn premiar, ikkje har dei på "lån" slik som no.
På sikt vert det truleg billegare for klubben - i all fall dersom ein skal rekne timebetaling, for dommarane må ha eit premielager fordelt utover heile fylket....

Men me beheld premiekorta. Dei er greie å telje.
Dette vart einstemmig vedtatt.

6: Diverse
Ingen andre saker


Møtereferat 2006

Referat styremøte 04.01.06 (telefonmøte)

Sakliste:
Til stades: Inger, Åse, Ellen, vara Vigdis

Ymse: Informasjon om styret er retta opp på heimesida. Medlemsliste vert sendt til alle i styret.

Årsmøtet 2006
Inger informerer: Prisane på Vassenden var høge og er tidlegare diskutert med styret på telefon.
Årsmøtet er difor flytta til rådhuset i Gaupne.
Påmelding på grunn av mat. Lasagne, salat, brød, kaffi og kaker. Pris kr. 100.-

Inger skriv årsmelding og møteinnkalling - sender til alle i styret for godkjenning.
Økonomien er god - me har ca. 41.000 i banken - men då er ikkje premiar, tilskot reise m.m. betalt.

Leiar valnemnd har kontakta styret om at det er vanskar med å få kasserer. Ber om hjelp.
Noverande kasserer vil trekka seg etter mange år med godt utført arbeid.

Ellen har ordna med etikettar og sender desse til Vigdis.
Inger kopierer.Vigdis ordnar med utsending av innkalling.

Åse hjelper til med det møtepraktiske møtedagen.
Inger kallar inn anna lokal hjelp til matservering.
Ellen og Torstein organiserer utlodding. Styret setter opp premie på kr. 250.-

Det har ikkje komne saker til årsmøtet
Styret har ingen spesielle saker - anna enn orienteringssaker. 

Tema årsmøtet
Me skulle kontakta nokre av dei nye medlemmene for å høyre kva dei kan tenkje seg.

Jakt - korleis trene - korleis er prøvane
Grunninnlæring blodspor har komme fram som ynskje
Utstilling - kva ser dommaren etter - utstillingstrening ute.
Brukshundprøvar - kva er det.

Som vanleg vert det også utlodding

Søknader om økonomisk støtte til ferje/bom:
Det er sett av kr. 2000 til dette også i 2006.
Ellen har sendt summer for utbetaling 2005 til kasserer.

Søknad om økonomisk støtte til spanielhelga i august
Ellen må søkja om støtte til spanielklubben sentralt innan fristen. Sjå Våre spaniels.
Det me søkjer om støtte til er reiseutgifter dommar.

Årets mestvinnande i fylket:
Ellen har fått lite resultat tilsendt.
Årets junior: Mari Ese, Jostedal, 13 år med springer Io (blodspor, utstilling, brukshundkurs, lydigheitskurs)
Årets debutant: Familien Kvammen, Vassenden med springer Tica
Årets mestvinnande: Er ikkje utrekna enno. Blir offentleggjort under.

Oppfordring frå HS om nye kandidatar til HS:
Me håpar at Wenche Dyreng og hilde Rognlien vert sitjande vidare og foresler Grete Melbye Sæter, Molde, som vara.
Ho er forespurt og er positiv.

Neste styremøte: 
Vert ei veke-14 dagar etter årsmøtet?
Åse kallar inn som vanleg?.

Mestvinnande i fylket 2005. Det kom inn resultat frå berre 8 hundar

Nr: Årets utstillingshund: Årets sporhund: Årets lydigheitshund:
1 NVCH Desperados Rochelle (260)
engelsk springer
til Inger Handegård
NSVCH Zelini's Easy Rider (428)
engelsk springer til E + T Solset
NVCH Desperados Rochelle (88)
engelsk springer
til Inger Handegård
2 NVCH Desperados Qandis (80)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
NVCH NUCH Zelini's Roxette og NVCH Desperados Titicaca (398)
engelsk springer til
Ellen og Torstein Solset/Kvammen
NVCH Desperados Qandis (66)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
3 Desperados Titicaca (50)
engelsk springer
til fam Kvammen
NVCH Desperados Rochelle (378)
engelsk springer
til Inger Handegård
Nr: Årets jakthund: Årets agilityhund  Årets junior:
1 Ingen deltakere Mari Ese 
med Astrosprings Io
2 Reidun Kvammen med Desperados Titicaca
Nr: Årets debutant: Årets brukshund: Årets mest allsidige:
1 Desperados Titicaca 
spor, ettersøk, utstilling
engelsk springer
til fam Kvammen
NVCH Desperados Rochelle (104)
engelsk springer
til Inger Handegård
NVCH Desperados Rochelle (357)
engelsk springer
til Inger Handegård
2   NVCH Desperados Qandis (80)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
NVCH Desperados Qandis (302)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
3 Desperados Titicaca (176)
engelsk springer
til fam Kvammen
Nr: Årets mestvinnande i Sogn og Fjordane 2004
1 NSVCH Zelini's Easy Rider (428) - vunnet tidligere - ingen premiegjenstand i år
engelsk springer til E + T Solset
2 NVCH NUCH Zelini's Roxette (398) - vunnet tidligere - ingen premiegjenstand i år. engelsk springer til
Ellen og Torstein Solset
2 Desperados Titicaca (398) - får premie for årets mestvinannde i 2005!
engelsk springer
til fam Kvammen

Sjå også statuttane.


Møtereferat 2005

Referat styremøte 02.12.05 (telefonmøte)
Til stades: Inger, Åse, Ellen og vara Vigdis.

Årsmøtet 2006
Det vert arbeida med å få møtet til Skei-området søndag 5. februar. 
Inger kontaktar Eva og Gunnar Kvammen, får å få konkrete planar.
Inger skriv årsmelding og møteinnkalling
Ellen har kontakta valnemnda og sett dei i gang. 
Ellen kontaktar kasserer og orienterer om årsmøtedato og ordnar med etikettar.
Vigdis ordnar med utsending av innkalling.
Åse hjelper til med det praktiske møtedagen.

Tema årsmøtet
Me kontaktar nokre av dei nye medlemmene og høyrer kva dei kan tenkje seg.
På møtet kom det fram fylgjande forslag:
Jakt - korleis trene - korleis er prøvane
Utstilling - kva ser dommaren etter - utstillingstrening ute.
Brukshundprøvar - kva er det.
Som vanleg vert det også utlodding

Søknader om økonomisk støtte til ferje/bom:
Det er sett av kr. 2000 til dette. Styret har ikkje motteke søknader frå medlemmer og gir difor tilskot ut i frå dei opplysningane som styret sit med sjølve.
Handegård - årsmøtet 2005 (5 pers i bilen) samt lydigheit Førde - kr. 640.-
Kvammen - sporprøve Luster - kr. 320.-
Ese - utstilling Førde - kr. 320.-
Solset - sporprøve Luster - kr. 320.-
Alsaker - årsmøtet - kr. 100.-

Neste styremøte: onsdag 4 januar. Åse kallar inn som vanleg.

Referat styremøte 13.10.05 (telefonmøte)
Til stades: Inger, Åse, Ellen og brukshundkontakt Lene.

Orienteringssaker:
- Frist å sende stoff inn til Våre spaniels 4-05 er 1. november til Inger
- Kurs i Sunnfjord månedsskiftet jan/februar – Kroppsspråk/adferd. Arr. Florø hundeklubb. Instruktør Arve Aarrestad,  Siddis hundeskule i Sandnes. Pris ca. kr. 750.- (to dagar).

Aktivitetsliste 2006 – søknader er satt opp. Sjå linken.
Inger sender inn til HS pluss informerer i Våre Spaniels om spanielhelga.
Ellen har hovudansvar for spanielhelga.

Spanielhelg i Sunnfjord 26-27 august 2006
Blodspor lørdag i Askvoll, sosialt om kvelden. Jaktanlegg mm søndag.

Førdeutstillingen
Ellen kontaktar Førde brukshundklubb for å høyre dato og dommer.

Årsmøtet 2006
Vert truleg lagt til Skei-området søndag andre helga i februar pga adferdkurset.
Inger har kontakta Eva og Gunnar Kvammen, som er villige til å hjelpe til. 

Ellen kontaktar valnemnda og set dei i gang.

Neste styremøte: onsdag 30 november. Åse kallar inn som vanleg.

Referat styremøte 14.09.05 (telefonmøte)
Til stades: Inger, Åse og vara Vigdis.

Orienteringssaker:
-
BK er no splitta opp i to deler - brukshundkomite og jakthundkomite. Inger og Lene + ein person til er BK. 
- Det vart orientert om prøvane me har hatt. Brukshundprøven avlyst på grunn av manglande påmelding. Berre ein som starta på bevegeleg blodspor i 1. termin i år. 
- - Det er sendt inn spalte til Våre spaniels 3-05. Ingen medlemmer har bidratt med stoff

Aktivitetsliste 2006 - søknadsfrist prøver er oktober 2005
Brukshundkontakt Lene vert kalla inn til neste styremøte. Me må prøva å setje opp ei aktivitetsliste med ansvarleg for dei ulike aktivitetane. Åse kallar Lene inn til møtet. Inger informerer med styrereferat.

Bevegelege blodsporprøvar
Ein av dommarane har kontakta avdelinga og spurt om me ikkje kan avslutta prøvane før jakta. Dette fordi enkelte jegere kjem "dinglande" i siste liten og har det då frykteleg travelt med å få godkjent hunden - samtidig som at fleire av dommarane driv jakt sjølv og det er vanskeleg å få lagt spor i andre sitt jaktterreng. Styret støttar denne forespurnaden som også vert styrka av at det berre var ein hund som starta på bevegeleg prøve i første termin i år. Til neste år vert det søkt berre om ein termin og kortare sesong.

Spanielhelg i Sunnfjord 2006?
Det vert ei slik helg etter planen i august 2006. Ellen etterlyser ein medarbeidar som ikkje bur så langt unna. Dersom nokon har lyst kontaktar dei Ellen. Ellen vert forespurt om det er aktuelt å laga til klubbmesterskap i spor samt ordinær jaktanleggsprøve og apportprøve. Inger kontaktar Ellen.

Uoffisiell utstilling i Luster 17 juni 2005
Vinnar av gavepremien frå avdelinga vart Desperados Rochelle som vart BIS-3. 

Førdeutstillingen
Inger har kontakta Førde BHK for å sjå om det er råd å få til eit samarbeid med tanke på dommarval. Det er viktig at me får dommarar som ikkje har dømt i området her i det siste samt dommarar med god kjennskap til spaniels. Det er ikkje skjedd noko etter denne kontakten.

Årsmøtet 2006
Vert truleg lagt til Skei-området rundt første helga i februar. Hotellet viste seg ikkje frå si beste side på forrige årsmøte... Det vert difor arbeida med å få til eit alternativt møtelokale og gjerne ein stad der me kan få til noko meir hundeaktivitet. Det vart diskutert om møtet kunne leggjast på ein kveld med bra bussforbindelse vestover, sørover og nordover. Inger kontaktar Eva og Gunnar Kvammen og høyrer om dei kan hjelpe til med planlegging av møte.

Neste styremøte: onsdag 5 oktober. Åse kallar inn som vanleg.

Referat styremøte 11.05.05 (telefonmøte)
Til stades: Inger, Åse, Ellen og vara Vigdis.

Orienteringssaker:
-
Referat frå siste styremøte er lagt ein "lur" plass og difor ikkje lagt ut på nettet enno....
- Det vart orientert om prøvane me har hatt og skal ha. Fersksporprøven er avlyst på grunn av manglande påmelding.
- Orientering frå RS der ein no lettare kan søka tilskot til aktivitet
- Orientering frå brukshundkurset som var vellukka og gjekk i pluss
- Det er sendt inn spalte til Våre spaniels 2-05. Ingen medlemmer har bidratt med stoff

Aktivitetar 2006
Brukshundkontakt Lene har bedt oss ha klar ei aktivitetsliste for 2006 i september i år, dette for å lettare unngå kollisjonar og jenke til prøvedatoar.

Spanielhelg i Sunnfjord 2005
På grunn av fleire faktorar må helga avlysast i år, men vert etter planen i august 2006. Ellen etterlyser ein medarbeidar som ikkje bur så langt unna. Dersom nokon har lyst kontaktar dei Ellen.

Uoffisiell utstilling i Luster 17 juni 2005
Avdelinga set opp ein gavepremie, eit rundt bilde med jaktmotiv, til beste spaniel på denne utstillinga. Beste kvelp og beste vaksen må konkurrera om ein og samme premie. Inger orienterer arrangøren.

Førdeutstillingen
Dette er den einaste utstilling open for spaniels i fylket. I år var det svært få spaniels påmeldt, kanskje fordi dommaren har dømt spaniels i distriktet for kort tid sidan? Avdelinga er svært positive til at Førde BHK har spaniels med på utstillinga, men er redd for at dersom det ikkje vert eit større påmeldingstal kan HS "inndra" spaniels frå denne utstillinga. Dette fordi utstillingar med få spaniels påmeldte ikkje lenger får ha med spaniels. Inger kontaktar Førde BHK for å sjå om det er råd å få til eit samarbeid med tanke på dommarval. Det er viktig at me får dommarar som ikkje har dømt i området her i det siste samt dommarar med god kjennskap til spaniels.

Brukshundprøven juni 2005
Lene har meldt inn til styret at ho er redd påmeldingstalet kan verta så lågt at prøven vil gå i underskot. Dette fordi mange hundar fekk opprykk til ny klasse på forrige prøve, men utan at dei er klar for å starta i denne klassen. Lene må difor snarast utarbeida eit foreløpig budsjett over utgifter basert på tal frå i fjor og må søka NSK ved HS om å få dekka eit eventuelt underskudd. Inger orienterer Lene om dette.

Honorering av sporleggarar (og andre medarbeidere) som avdelinga er heilt avhengig av for å få til aktivitet
Saka er diskutert med brukshundkontakt før møtet. I dag vert sporleggarar på ordinær blodsporprøve honorert med eit gavekort på kr. 25 for kvart spor dei legg. Denne satsen vert auka til kr. 50.- pr spor. Det vert laga eit enkelt system slik at me slepp å bruka dei ordinære premiekorta for å honorere sporleggarar blodspor, sporleggarar brukshundspor og andre medhjelparar som me må ha for å få til aktivitet. Dei nye "premiekorta" kan løysast ut i honorar, i premiar eller brukast som frådrag på påmeldingsavgift. 

Årsmøtet 2006
Vert truleg lagt til Skei-området rundt første helga i februar. Hotellet viste seg ikkje frå si beste side på forrige årsmøte... Det vert difor arbeida med å få til eit alternativt møtelokale og gjerne ein stad der me kan få til noko meir hundeaktivitet.

Neste styremøte: onsdag 14 september. Åse kallar inn som vanleg.

Saksliste styremøte (telefonmøte) 19. januar 2005
Til stades: Inger, Ellen, Åse og vara Vigdis
Brukshundkontakt Lene var på veg heim frå lang ferie, men hadde uttalt seg om BK-sakene før møtet.

Gjennomgang av saker frå møte 17. november

Årsmøtet – det meste er under kontroll, medlemmene har akkurat fått innkalling, men få har meldt seg på enno. 

  1. Inger tek med den nye PR-brosjyra til møtet, lagar gåvekort på kr. 250.- til utlodding på møtet og lagar power-point presentasjonar samt organiserer felles køyring frå Sogn til Skei, ordnar med vekslepengar. Tek med rosettar for godkjent jaktanleggsprøve til dei som ikkje fekk i haust.
  2. Lene tek med oversikt over mestvinnande hundar i fylket i 2004
  3. Marit legg fram revidert rekneskapet. Me takkar avtroppande revisor for lang og tru teneste.
  4. Ellen har påmelding og ordnar med hotellet, ordnar med årene til utloddinga.
  5. Val - styret støttar valnemnda sitt forslag. Vara til ny valnemnd er det einaste som manglar.
  6. Alle tek med ein liten ting å lodde ut.
  7. RS 2005 Forslag frå styret: Inger – vara Torstein Solset, Ellen – vara Åse  

Premiar - teljing:
Premiar er talde, men me har gløymt å sende nye lister til NSK sentralt.

Bruk av overskot til å få meir aktivitet/større fagleg kunnskap i avdelinga i 2005
Framlegg til tiltak:

  1. Brukshundkurset vert 16-17 april. Avdelinga støttar kurset med kr. 1000.-

  2. Bruk av tilreisande dommarar på prøvane våre.

  3. Kursrunde/lokale møter rundt omkring i fylket med lokal(e) instruktør(ar). Sponsa reise/overnatting. Mål: Lokal aktivitet og verving av nye medlemmer. Forslaget vert lagt fram for årsmøtet.

  4. Helgesamling i Førde-område liknande den me hadde i Luster i 2004. Ellen presenterer ideen på årsmøtet. Ho treng minst ein person til som kan hjelpe til!

Nye saker:

Nytt tiltak for å støtta aktive medlemmer i fylket:
Styret hadde einstemmig vedtak om å setje av kr. 2000.- til å støtte medlemmer i fylket som ynskjer å delta på møter, kurs eller prøver arrangert av avdelinga, og som må betala ferje og bompengar. Bakgrunnen er at fylket vårt er delt av fjordar, breer og fjell. Det er HØGE bompengar tur-retur for dei som ynskjer å delta på "feil" side av bommen. Dette hindrar aktivitet i fylket. Pengane vert fordelt av styret på styremøte i november. Frist for å søke om støtte er 1. november. I den skriftlege søknaden skal det gå fram reisemåte, reiserute, utgifter til bom- og/eller ferje og kven andre som er i bilen. 

Jaktkonferanse 12-13 februar 2005 
Leiar/jaktprøvedommar/BL-leiar har ikkje høve å reise av personlege grunnar. Leiar har fått ein munnleg forespørsel frå eit medlem om støtte til å reise. Det er bedt om å få ein skriftleg søknad om støtte til dette styremøtet, men den kom ikkje. Styret er i utgangspunktet positive til å yta tilskot, men ynskjer då at det vert laga eit medlemsmøte i løpet av våren 2005 med jakt som hovudtema, der den som reiser held foredrag og informerer om det som kom fram på konferansen.

Brukshundkomiteen (BK)
Leiar informerte styret om BK-arbeidet. NSK avd Sogn og Fjordane er brukshundkomiteen for NSK sentralt med to medlemmer frå fylket, eit medlem som hovudstyret vel utanfor vår avdeling. Dessverre har dette medlemmet utanfor avdelinga flytta ut av landet og er svært vanskeleg å få tak i på mail og på telefonmøte. Styret har difor einstemmig gjort vedtak om å sende brev til HS der avdelinga ber om å få eit nytt BK-medlem som er lettare å få tak i på mail og på telefon. Sogn og Fjordane seier seg villig til å fortsett vera BK, men for at BK skal fungere er det svært viktig at alle som sit der er tilgjengeleg på mail/telefonmøte. Leiar ynskjer ei betre organisering av BK med faste telefonmøter minst annakvar måned + diskusjonar på mail i tillegg til dette. Ellen har i oppdrag å sende brev om dette til HS. Kopi av brevet vert sendt alle medlemmene i BK.

Våre Spaniels nr. 1-2005
Frist stoff er 1. februar. Alle medlemmer vert oppfordra til å sende inn aktuelt stoff! 

Neste styremøte:
Det vert møte annakvar månad.
Neste møte vert: Tid/dato: 2 mars kl. 20.00
Åse kallar inn/bestiller telefonmøte/minner styret og vara om møtetidspunkt og gir passord. 
Kasserar har gitt beskjed om at ho ikkje ynskjer å verta kalla inn til møtene.
 


Møtereferat 2004

Saksliste styremøte (telefonmøte) 17. oktober 2004
Til stades: Inger, Ellen, Åse og vara Vigdis
Gjennomgang av saker frå møte 6 oktober

Årsmøtet – kven gjer kva?

  1. Årsmelding - Inger
  2. Revidert rekneskap - Marit
  3. Innkalling med kort årsmelding og kort samandrag av rekneskap – Inger skriv, Ellen sender ut.
  4. Leggja ved PR-brosjyra til avdelinga til medlmemer som er nye av året
  5. Revidert rekneskapet vert lagt fram på årsmøtet – me takkar avtroppande revisor for lang og tru teneste.
  6. Sende innbyding/PR-brosjyre til nye spanieleigarar som ikkje er medlem. Me kontaktar oppdrettarar i fylket – arbeid delt mellom Ellen og Inger. Ellen: Arild Gjervik, Inger-Berit Haugen og Ørjan Alme. Inger seg sjølv, Jane Nybø og Wenche Mjåtveit
  7. Program - Inger
  8. Påmelding - Ellen
  9. Valkomite – Åse. Dei er kontakta. Alt skal vera ok.
  10. Utlodding – Ellen og Torstein. Styret set opp hovudgevinst til kr. 250.-. alle tek med ein liten ting å lodde ut.

Prøvar 2005 - skal vera ok. Inger sjekkar internett.

Informasjonsbrosjyre om avdelinga 
Er ferdig og sendt NSK sentralt. Vert også sendt rasekontaktar og kontaktpersonar i fylket saman med medlemsliste.
Kontaktpersonane står ikkje i brosjyra - men vert lagt ut på heimesida vår. 

Premiar - teljing:
Ellen har skaffa liste. Inger og Vigdis tel i november. Vigdis kontaktar Inger når ho har tid/barnejente.

Nye saker:

Val styret 2005
Åse og Vigdis er på val.

RS 2005
Forslag frå styret: 
Inger – vara Torstein Solset
Ellen – vara Åse

Det var informert om økonomien som er god

Bruk av overskot til å få meir aktivitet/større fagleg kunnskap i avdelinga i 2005
Framlegg til tiltak:

  1. Brukshundkurs med innleigd topp instruktør der aktive medlemmer i fylket vert prioritert og der det vert reduserte/utjamning av utgifter for alle.

  2. Bruk av tilreisande dommarar på dei to blodsporprøvane (vil ofte gi minimalt med overskot, event. underskot på prøven)

  3. Helgesamling for alle med tilreisande instruktørar (krev mykje organisering). Spor, pelsstell, lydighet m.m.

  4. Kursrunde/lokale møter rundt omkring i fylket med lokal(e) instruktør(ar). Sponsa reise/overnatting. Mål: Lokal aktivitet og verving av nye medlemmer.

Lene Gjelsvik, brukshundkontakt vart kontakta i forkant av møtet. Ho ville gjerne ha kurs + bruk av tilreisande dommar.

Fleirtal i styret for å prøva å få til helgesamling i Førde-område liknande den me hadde i Luster i 2004. Ellen jobbar vidare med saka fram til årsmøtet. ho treng minst ein person til som kan hjelpe til!

Det vart gjort vedtak om bruk av tilreisande dommarar. Dette er ein så liten økonomisk investering at det ikkje er årsmøtesak. Lene vert orientert som brukshundkontakt og prøvearrangør.

Våre Spaniels nr. 1-2005
Frist stoff er 1. februar. Alle medlemmer vert oppfordra til å sende inn aktuelt stoff! 

Neste styremøte:
Det vert møte annakvar månad.
Neste møte vert i januar: Tid/dato: 19 januar kl. 20.00
Åse kallar inn/bestiller telefonmøte/minner styret og vara om møtetidspunkt og gir passord. Kasserar har gitt beskjed om at ho ikkje ynskjer å verta kalla inn til møtene.

Styremøte (telefonmøte) 6. oktober 2004
Desse var med: Ellen, Åse og Inger.
Årsmøtet - stad, dato og program vart fastsett - sjå hovudsida
Prøvar 2005 - sjå oversikten. 
Informasjonsbrosjyre om avdelinga - utkast er utarbeida. Inger får fullmakt til å laga den ferdig.
Lokale kontaktpersonar: Styret foreslår Lene Gjelsvik i Hafs-kommunane, Åse Danielsen i Nordfjord, Ellen Solset Sunnfjord (indre), Kirsten Åsnes i Sunnfjord (ytre) og Inger Handegård i Indre-Sogn. Alle vil verta forespurt før informasjonsbrosjyra vert laga ferdig.
Lokale medlemsmøte: Styret oppmuntrar til at medlemmer/grupper/kontaktpersonar/styremedlemmer går i gang med å laga lokale aktivitetar og møter.
Kontaktpersonar rasar: Framlegg til ny kontaktperson på amerikanar: Inger Berit Haugen. 
Medlemsliste: Skal sendast alle i styret.
Premiar - teljing: Ellen skaffar liste. Inger tel.
Neste styremøte: Det vert møte annakvar månad. Neste møte vert onsdag 17. november kl. 20.00. Åse kallar inn/bestiller telefonmøte/minner styret og vara + kasserar om møtetidspunkt og gir passord.

Referat frå årsmøtet 01.02.04

Det møtte 3 medlemmer + 4 andre – totalt 7 personar. Møtet varde frå 12.00 til 14.30
Godkjenning av innkalling, val av ordstyrar, godkjenning av årsmelding og regnskap. 
- ingen hadde merkna
Kåring av mestvinnande spaniels i fylket 2003
- ingen hadde merknad. Stor takk til Lenge Gjelsvik som har gjort ein utmerka jobb med utrekninga!
Vinnar
NUCH Kanuttens Molly (510p) amerikaner til Leif Lunde 
Beste debutant Vigdis Vigdal med Desperados Qellie
Beste junior - ingen deltakarar

Val – innstillinga frå valnemnda vart lagt fram - innstillinga vart vedteke med nokre endringar        
Leiar: Inger Handegård, Sogn
Nestleiar: Åse Danielsen, Nordfjord
Sekretær: Ellen Solset, Sunnfjord
Vara: Vigdis Vigdal, Sogn
Kasserar og revisor Marit Kvalvik og Reidun Gjøringbø
Brukshundkontakt, medlem BK  – Lene Gjelsvik
RS-utsending: Inger Handegård. RS  vara 1 Ellen Solset RS vara 2: Åse Danielsen
Valnemnd: Leiar: Steinar Ytreland, Vidar Jensen.  Vara: Jane Nybø Torgersen

Spørjeskjema oversendt fra BK og HS. Livsvarig godkjenning av jaktprøve del I - spor/vatn. Er det aktuelt med beveglege jaktprøvar? - vart gått gjennom og fylt ut.
Det vart orientert om søkte prøvar 2004

Planlegging av andre aktivitetar 2004: 
- treningshelg spor/bruks i slutten av april/start mai i Askvoll. Ansvarlege er ”Askvoll-gjengen”
- Spanielhelg for heile familien i Sogn helga 29 august med ordinær jaktanleggsprøve, apportprøve, klubbmesterskap spor (med bevegeleg/offisiell blodsporprøve), uoffisiell lydigheitskonkurranse og aktivitetsløype for alle i familien. Ansvar: ”Luster”-gjengen.

Kvifor går medlemstalet så mykje nedover? Kan nokon svara på det?
- folk gløymer å betala kontigenten? Avdelinga lagar rutiner på purring av dei som ikkje betalar. Ringjer og spør kvifor dei ikkje vil vera medlem lenger. Det er også feil på medlemslistene.

Sosialt samvær med utlodding. - det einaste me mangla var kake! Ellers var det rikeleg av mat og drikke! Det vart seld lodd for kr. 310.- Vinnar av hovudpremien som er ein gavesjekk frå avdelinga vart Per Danielsen. Dette var ekstra kjekt då han var einaste som hadde reist langt for å vera med på møtet.

Nr: Årets utstillingshund: Årets sporhund: Årets lydigheitshund:
1 NUCH Kanuttens Molly (510p)
amerikaner til Leif Lunde
NSVCH Zelini's Easy Rider (438)
engelsk springer til E + T Solset
NVCH NUCH Desperados Odessa (60)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
2 NVCH NUCH Zelini's Roxette (360)
engelsk springer til
Ellen og Torstein Solset
NVCH NUCH Zelini's Roxette (398)
engelsk springer til
Ellen og Torstein Solset
Desperados Qandis (36)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
3 NVCH NUCH Desperados Odessa (400)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
NVCH NUCH Desperados Odessa og NVCH Desperados Nirvana (146)
engelsk springer
til Handegård/Haugen/Elin A. Gjerde
Desperados Qellie (28)
engelsk springer
til Vigdis Vigdal
Nr: Årets jakthund: Årets agilityhund og Årets junior:  
1 Delt 1. plass på to hundar: Zelini's Easy Rider og Zelini's Roxette (100) Ingen deltakarar
Nr: Årets debutant: Årets brukshund: Årets mest allsidige:
1 Desperados Qellie m spor, LP og utstilling
engelsk springer
til Vigdis Vigdal
Desperados Qandis og 
Streamside's Norseman(100)
engelsk springer
til Handegård/Haugen/Sølvi Gran
NVCH NUCH Zelini's Roxette (396)
engelsk springer til
Ellen og Torstein Solset
2   NUCH NVCH Desperados Odessa (80)
engelsk springer til
Handegård/Haugen
NVCH Desperados Odessa (376)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
3 NSVCH Zelini's Easy Rider (246)
engelsk springer til E + T Solset
Nr: Årets mestvinnande i Sogn og Fjordane 2004
1 NUCH Kanuttens Molly (510p)
amerikaner til Leif Lunde
2 NSVCH Zelini's Easy Rider (438)
engelsk springer til E + T Solset
3 NVCH NUCH Zelini's Roxette (398)
engelsk springer til
Ellen og Torstein Solset

Sjå også statuttane.


Møtereferat 2003

Referat frå årsmøtet i Førde 09. februar 2003
Torstein og Ellen Solset hadde gjort ein glimrande jobb med å arrangera dette årsmøtet. Fint møtelokale, kaffe, kaker og ei fantastisk god betasuppe! 14 stemmeberettiga medlemmer møtte opp + ein veldig junior..... Møtet hadde ein svært hyggeleg tone frå start til slutt. Ingen hadde noko å bemerka til innkalling, årsmelding og rekneskap. Valet vart slik som valnemnda hadde gjort forslag om - sjå styret.

Det vart seld lodd for kr. 1.100 - noko som er rein inntekt til avdelinga då medlemmene sjølve hadde med seg gevinstane. Avdelinga sette opp ein utloddingspremie som var ein godkjent jaktanleggsprøve.... Interessa for å kjøpa lodd vart merkbart større ein kort periode til det vart retta opp at premien var ein start på jaktanleggsprøve i løpet av 2003......

Charles Litsheim hadde eit glimrande føredrag om trening av hund. Referat kjem i Våre Spaniels.

Sak 1: Tilbod frå NSK sentralt om å leggja heimesida vår ut direkte under www.spaniels.org.
Det var einigheit om at dette var ei god løysing og hyppige oppdateringar og "matnyttig stoff" vert prioritert. Gjestebok vart sett på som ei god måte å komma i kontakt med medlemmene og andre spanieleigarar på.

Sak 2: Nye dommarar
Steinar Ytreland ynskjer å starta som dommar for ettersøksprøvar og det er behov for ein ny dommar i Florø.
Arild Gjervik vert oppfordra til å utvida sin dommarautorisasjon til å gjelda jaktprøve del I - apportprøve (spor/vatn) då det er behov for ein dommar til for desse prøvene i fylket.

Sak 3: Årets mestvinnande
Det var komme inn resultat på 11 hundar.
Årets mestvinnande i fylket 2002: NVCH Desperados Odessa til Inger Handegård og Sjur Haugen
Årets debutant 2002: Per og Åse Danielsen med Desperados Odin
Årets junior: Gisle Haugen

Nr: Årets utstillingshund: Årets sporhund: Årets lydigheitshund:
1 NUCH Kanuttens Molly (460p)
amerikaner til Leif Lunde
NVCH Desperados Odessa (448)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
NVCH Desperados Odessa (180)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
2 NUCH Kanuttens Raya (450)
amerikaner til Leif Lunde
NSVCH Zelini's Easy Rider (438)
engelsk springer til E + T Solset
Silverängens Chiqitita (110)
engelsk springer til A. Gjervik
3 NVCH Desperados Odessa (400)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
NVCH Urja's Danka Dari og NVCH Zelini's Roxette (418)
ess til Nybø-Torgersen/Solset
Streamside's Norseman (60)
engelsk springer til
Sølvi Gran
Nr: Årets jakthund: Årets agilityhund: Årets brukshund:
1 Delt 1. plass på fire hundar: Desperados Qandis, Desperados Odessa, Zelini's Easy Rider og Zelini's Roxette (100) Ingen deltakarar Streamside's Norseman (196)
engelsk springer til
Sølvi Gran
Nr: Årets debutant: Årets junior: Årets mest allsidige:
1 Per og Åse Danielsen med Desperados Odin (cert og BIM + 1. pr. spor) Gisle Haugen med NVCH Desperados Odessa (1 pr. spor) og Desperados Qandis (valpeshow) NVCH Desperados Odessa (461)
engelsk springer
til Handegård/Haugen
2 Gisle Haugen med NVCH Desperados Odessa (1 pr. spor) og Desperados Qandis (valpeshow) NVCH Zelini's Roxette (366)
engelsk springer til
Ellen og Torstein Solset
3 Desperados Odin (266)
engelsk springer til Per og Åse Danielsen
Nr: Årets mestvinnande i Sogn og Fjordane 2003
1 NVCH Desperados Odessa (461)
engelsk springer til Handegård/Haugen
2 NUCH Kanuttens Molly (460p)
amerikaner til Leif Lunde
3 NUCH Kanuttens Raya (450)
amerikaner til Leif Lunde

Sjå også statuttane.